Mutaz Essa Barshim
Mutaz Essa Barshim | |
Statsborgarskap | Qatar |
Fødd | 24. juni 1991 (33 år) Doha |
Idrett | friidrett |
Tok del i |
Asialekene 2010, Friidrett under Sommer-OL 2012 – Høydehopp herrer, Friidrett under Sommer-OL 2016 – Høydehopp menn, Friidrett under Sommar-OL 2020 – Høgdehopp menn |
Mutaz Essa Barshim (fødd 24. juni 1991) er ein høgdehoppar frå Doha i Qatar. Han vart verdsmeister i 2017 og forsvarte VM-tittelen i 2019, sommaren 2021 vart han olympisk gullmedaljevinnar i Tokyo. Hans personlege rekord på 2,43 meter er det einast verdsrekordhaldaren Javier Sotomayor med 2,45 m som overgår.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Barshim var ein dei absolutt beste høgdehopparane i verda frå 2012. Under Sommar-OL 2012 var han ein av tre utøvarar som fekk kvar si bronsemedalje. Veker etter sommarleikane presterte han personbeste i Lausanne med 2,39 m. Denne landsrekorden forbetra han den 1. juni 2013 i Eugene i Oregon til 2,40 m. I verdsmeisterskapen 2013 i Moskva måtte han nøye seg med sølv, trass i at han tok seg over 2,38 m.
5. september 2014 vann Barshim høgdetevlinga i DL-stemnet i Brussel på 2,43 meter, ingen andre enn verdsrekordhaldaren hadde hoppa så høgt. Etter fjerdeplass i Beijing-VM 2015, lukkast han vinne sølvmedaljen under OL 2016 i Rio de Janeiro.
Barshim vann gullmedaljen både ved Friidretts-VM 2017 og Friidretts-VM 2019, i den siste meisterskapen var han den einaste som svinga seg over 2,37 meter, årsbeste for hans del. Også under Sommar-OL i 2021 presterte han 2,37 m, noko som gjorde at han italienaren Gianmarco Tamberi kunne dele gullet.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- VM 2011 i Daegu: Nr 7 – 2,32 m
- OL 2012 i London: Bronsemedalje – 2,29 m
- VM 2013 i Moskva: Sølvmedalje – 2,38 m, bakom Bohdan Bondarenko (2,41 m)
- VM 2015 i Beijing: Nr 4 – 2,33 m
- OL 2016 i Rio de Janeiro: Sølvmedalje – 2,36 m, bakom Derek Drouin (2,38 m)
- VM 2017 i London: Gullmedalje – 2,35 m, framom Danil Lysenko (2,32 m)
- VM 2019 i Doha: Gullmedalje – 2,37 m, framom Mikhail Akimenko (2,35 m)
- OL i 2021 i Tokyo: Gullmedalje – 2,37 m, delt med Gianmarco Tamberi
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Mutaz Essa Barshim» frå Wikipedia på engelsk, den 9. juni 2022.
- Einskildmenn
- Fødde i 1991
- Qatarske idrettsutøvarar
- Høgdehopparar
- Verdsmeistrar i friidrett
- Olympiske meistrar for Qatar
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Qatar
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2012
- Qatarske deltakarar under sommar-OL 2012
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2016
- Qatarske deltakarar under sommar-OL 2016
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2020
- Qatarske deltakarar under sommar-OL 2020
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020