Hopp til innhald

Framande artar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Framande artar er artar, underartar eller lågare takson som opptrer utanfor sitt naturlege utbreiingsområde eller spreidingspotensiale; omgrepet omfattar alle livsstadium som har potensiale til å overleve og formeire seg. Dersom dei skader økosystemet blir dei kalla ein invasiv art.

Omgrepet har avløyst omgrepet introdusert art, sidan ordet introdusert indikerer ein aktiv handling, medan ordet framand ikkje seier noko om korleis arten er spreidd.

Framande artar kan særleg ha store konsekvensar for økosystemøyar som tidlegare har vore isolerte.

I Noreg fører Artsdatabanken opp framande artar i Fremmedartlista. I Norsk svarteliste 2007 hadde han risikovurdert 217 av 2483 registrerte framande artar.

Nokre artar, som brunrotte, gråspurv, fasan og stare, er blitt innførte over store delar av verda. I tillegg kjem innførte tamdyr som ofte blir ville: Kaninar, hundar, geiter, grisar og kattar.