Last ned Firefox

Firefox er ikkje lenger støtta på Windows 8.1 og tidligare versjonar.

Last ned Firefox ESR (Extended Support Release) for å bruke Firefox.

Firefox er ikkje lenger støtta på macOS 10.14 og tidligare versjonar.

Last ned Firefox ESR (Extended Support Release) for å bruke Firefox.

Firefox personvernerklæring

Omset ei nettside med Firefox

Noko av det beste med internett er at vi kan få tilgang til innhald frå heile verda. Same om det er nyheitsartiklar, bloggar, eller til og med ei vurdering av den siste duppeditten din, kan du finne alt på det tilsynelatande uendelege nettet. Med Firefox sin siste omsettingsfunksjon, vil dette verktyet kontinuerleg omsette ei nettside i sanntid.

Medan andra nettlesarar stolar på sky-tenester, vert språkmodellane for Firefox-omsetting lasta ned til brukaren sin nettlesar, og omsettingar vert gjort lokalt, slik at Mozilla ikkje registrerer kva for nettsider du omset.

Når du omset ei nettside blir ho verande privat.

Når omsettingane dine vert behandla lokalt, forlèt ingen data frå vald eining, eininga di, eller er avhengig av sky-tenester for omsetting. Det tyder at Mozilla ikkje veit kva for nettside du omset og gjer at omsettingsfunksjonen vår skil seg ut, samanlikna med andre omsettingsverktøy.

Kva for språk er for tida støtta?

Språka nedanfor er for tida støtta av Firefox omsettingar:

  • Български
  • Deutsch
  • Ελληνικά
  • English
  • Español
  • Eesti keel
  • suomi
  • Français
  • magyar
  • Italiano
  • Nederlands
  • Polski
  • Português
  • Русский
  • Slovenščina
  • Türkçe
  • Українська

Og fleire språk er under utvikling!

Firefox snakkar ditt språk

Funksjonen Firefox-omsettingar er ein annan måte som Mozilla held ditt internett personleg og meir privat. Mozilla sporar ikkje kva for nettstadar du omset. Med millionar av brukarar over heile verda vil Mozilla sjå til at dei som brukar Firefox lærer seg, kommuniserer, deler og held seg informert på sine eigne villkår. Kom i gang på ditt føretrekte språk ved å laste ned Firefox.