Last ned Firefox

Firefox er ikkje lenger støtta på Windows 8.1 og tidligare versjonar.

Last ned Firefox ESR (Extended Support Release) for å bruke Firefox.

Firefox er ikkje lenger støtta på macOS 10.14 og tidligare versjonar.

Last ned Firefox ESR (Extended Support Release) for å bruke Firefox.

Firefox personvernerklæring

Er Firefox ein privat nettlesar?

Ja, Firefox tek vare på personvernet dittt med funksjonar som Privat surfing. Han lèt deg halde nettlesarhistorikken din og passorda dine privat, sjølv når du brukar ei eining som du deler med andre, til dømes ei heimedatamaskin eller ein iPad.

Firefox tek òg vare på personvernet ditt med Forbetra sporningsvern for å blokkere sporarar som følgjer deg frå nettstad til nettstad og samlar inn informasjon om surfevanane dine. Han inneheld òg vern mot skadelege skript og skadeleg programvare.

Merk: Vi er ikkje big tech. Vi gjer ting annleis. Ved å vere uavhengige (ingen aksjeeigarar) kan vi sette folk først, før profitt. Til skilnad frå andre føretak sel vi ikkje tilgang til dine data.

Kva for informasjon samlar Firefox inn?

Mozilla (produsenten av Firefox) tek personvern på største alvor. Svært alvorleg. Faktum er at kvart Firefox-produkt vi lagar heidrar løftet vårt om personlege opplysningar: Ta mindre. Hald det trygt. Ingen løyndommar.

Les Firefox si personvernerklæring for meir informasjon. Seriøst, sjekk det. Ho er i faktisk i normalstor skrift.