Last ned Firefox

Firefox er ikkje lenger støtta på Windows 8.1 og tidligare versjonar.

Last ned Firefox ESR (Extended Support Release) for å bruke Firefox.

Firefox er ikkje lenger støtta på macOS 10.14 og tidligare versjonar.

Last ned Firefox ESR (Extended Support Release) for å bruke Firefox.

Firefox personvernerklæring

Rediger PDF-filer gratis med Firefox PDF-redigerar

Om du treng å leggje til noko i eit PDF-dokument kan du no gjere det direkte på nettet med Firefox. Opne PDF-fila i Firefox og klikk på tekst- eller teikneknappane i det øvre høgre hjørnet for å gjere endringar i dokumentet ditt. Last ned fila for å lagre henne med endringane dine.

Fyll ut skjema på nettet utan skriving og skanning

Vi har alle opplevd å måtte fylle ut eit PDF-skjema som ikkje kan redigerast. Tidlegare var det einaste alternativet å skrive ut skjemaet på papir, fylle inn felta med penn, og so skanne det tilbake til datamaskina.

Dette er det slutt på! No kan du berre redigere PDF-fila direkte på nettet med Firefox, lagre og sende henne via e-post frå datamaskina di.

Legg til tekst

Opne PDF-en i Firefox. Klikk på Tekst-knappen for å velje ein farge og tekststørrelse, før du vel kvar i dokumentet du vil leggje til tekst. So enkelt er det!

Legg til teikningar (eller signaturen din)

Opne PDF-en i Firefox. Klikk på Teikne-knappen for å velje ein farge, tjukn, og opasitet før du vel kvar i dokumentet du vil teikne. So enkelt er det! Det vert venteleg ikkje meir rotete enn den vanlege signaturen din!

Legg til bilde med alternativ tekst

Opne PDF-en i Firefox. Klikk på bildeikonet, som vil be deg om å laste opp eit bilde. Juster størrelse og plassering av bildet etter behov. Klikk på knappen «+Alt tekst» på bildet for å leggje til ei bildeskildring, som vil gjere PDF-en din meir tilgjengeleg.

Lag ei utheving

Opne PDF-en i Firefox. Vel teksten du vil markere, klikk so på markeringsteiknet som visest nedanfor valet ditt, eller høgreklikk for å finne markeringsalternativet i kontekstmenyen. Klikk på ikonet i øvre høgre hjørne for å frihandsutheve delear av PDF-en.