Last ned Firefox

Firefox er ikkje lenger støtta på Windows 8.1 og tidligare versjonar.

Last ned Firefox ESR (Extended Support Release) for å bruke Firefox.

Firefox er ikkje lenger støtta på macOS 10.14 og tidligare versjonar.

Last ned Firefox ESR (Extended Support Release) for å bruke Firefox.

Firefox personvernerklæring

Firefox blokkerer fingeravtrykk

Kva er identifisering (fingeravtrykk)?

Fingerprinting er ei type sporing på nettet som er meir inngripande enn vanleg infokapselbasert sporing. Eit digitalt fingeravtrykk vert laga når eit føretak lagar ein unik profil av deg, basert på maskinvara di, programvare, tillegg, og til og med innstillingar. Innstillingar som kva for skerm du brukar, skrifter som er installerte på datamaskina di, og til og med valet ditt av nettlesar kan alle brukast for å lage eit fingeravtrykk.

Om du har ei vanleg berbar datamaskin, PC eller ein smart-telefon, kan det vere vanskelegare å unikt identifisere eininga di med fingeravtrykk. Dess meir unike tillegg, skrifter og innstillingar du har, dess lettare vil det truleg vere å finne deg. Føretak kan bruke denna unike kombinasjonen av informasjon for å lage ditt fingeravtrykk. Det er derfor Firefox blokkerer kjende fingeravtrykksporarar, slik at du framleis kan bruke favoritt-tillegga dine, tema og tilpassingar utan å verte følgd av annonsar.

Fingeravtrykk er ikkje bra for nettet

Bruken av fingerprinting gjer at du kan sporast i månadar, sjølv om du tømer nettlesarlagringa eller brukar privat nettlesing — utan å ta omsyn til tydelege indikasjonar frå deg om at du ikkje vil bli spora. Trass i ei nesten fullstendig semje mellom standardiseringsorgan og nettlesarleverandørar om at fingeravtrykk er skadleg, har bruken på nettet stadig auka i løpet av det siste tiåret.

Firefox blokkerer fingeravtrykk

Siste versjon av nettlesaren Firefox beskyttar deg mot fingeravtrykk ved å blokkere førespurnadar frå tredje part til føretag som er kjende for å delta i fingeravtrykk-identifisering. Vi har arbeidd hardt for å aktivere dette personvernet utan å øydeleggje nettstadane du likar å besøkje. (Les meir her om du vil ha dei tekniske detaljane.)

Og det er ikkje ei gøymd innstilling du må grave etter for å finne. I den siste Firefox-nettlesaren er blokkering av fingeravtrykksporarar standard. Besøk tryggingsoversikta di for å sjå korleis du vert spora bak kulissene, og korleis Firefox hindrar det.

Du ville sannsynlegvis ikkje sette pris på at nokon skulle spore bevegelsane dine i det verkelege livet. Det finst ingen grunn til å godta det på nettet. Om du ikkje allereie har Firefox, last ned og beskytt deg sjølv frå digitale fingeravtrykk.